Feten - Himmelspannet

Salatosten Feten har fått namnet etter stølen til øvre Trøim gard som ligg ved delet mellom Bulin og Mørekvam i Grøndalen nord i Hemsedal.

Feten er ein fersk salatost ysta av like deler ku og geitemjølk. Mjølka vert pasteurisert og tilsatt løype. 
Ostemassen vert fylt i former og står til drenering i desse i ca 12 timar, deretter vert ostane lagt i saltlake i minimum fire dagar. 
Osten skjærast i terningar på ca 1x1 cm og vert lagt i beger med oljelake. Laken er Himmelspannet sin eigen, han består av god solsikkeolje, krydder og velduftande urter.

Feten har ein frisk og salt smak, konsistensen er mjuk, men fast. Han vil ta meir smak av krydderblandinga dess lenger den ligg i laken. 

Feten passar godt brukast i salatar og som snacks. Den har òg god smelteevne og er enkel å drysse over pizza eller Foccacia. Oljen er fin til dressingar og brødbaking.



God norsk ost! Bilder & text er hentet fra Himmelspannet

Kommentarer

Kommentera inlägget här:

Namn:
Kom ihåg mig?

E-postadress: (publiceras ej)

URL/Bloggadress:

Kommentar:

Trackback
RSS 2.0